13 000 fleire fekk uføretrygd i 2019
21.02.2020 Forfatter: Gunn Kvalsvik

Trass myndighetenes ønskje om å redusere talet på dei som står utanfor arbeidslivet, viser tal frå NAV at kurvene går i feil retning. Ved utgangen av desember (2019) var det i alt 352 200 mottakarar av uføretrygd, noko om utgjør ei auke på 0,1 prosentpoeng samanlikna med førre kvartal.

I praksis betyr det at uføretrygda utgjer ikkje utbetydelege 10,3 prosent av befolkninga i alderen 18-67 år.

– Talet på personar som får uføretrygd auka med 13 000 i 2019, noko som er ein litt lågare auke enn året før. Prosentdelen av befolkninga som får uføretrygd er nesten på nivå med toppåra 2003 og 2004, og meir enn éin av ti personar i alderen 18-67 år får uføretrygd. Vi ser at tre av fire nye som fekk uføretrygd i 2019, fekk arbeidsavklaringspengar før uføretrygd, seier arbeids- og velferdsdirektør Sigrun Vågeng i ei pressemelding som er publisert på nav.no.

NAV har utarbeida ein ny prognose over forventa utvikling i talet på personar med uføretrygd i 2020 og 2021.

Dei skriv at dei ventar at 360 300 mottakarar i desember 2020 og 370 200 mottakarar ved utgangen av 2021. Det nye anslaget for 2020 inneber ein auke på 2,3 prosent i 2020 og 2,7 prosent i 2021. Grunngjevinga deira er som følgjer:

«Me ventar framleis høg overgang frå arbeidsavklaringspengar til uføretrygd, og at 10,5 prosent av befolkninga i alderen 18-67 år får uføretrygd ved utgangen av 2020.»

Flest fekk uføretrygd i Aust-Agder og Østfold

Delen som fekk uføretrygd i prosent av befolkninga var høgast i Aust-Agder og Østfold med 14,8 prosent og Hedmark og Telemark med 13,8 prosent, medan det var færrast i Oslo (5,9 %) og Akershus (7,4 %).

– Fylker med høg prosentdel eldre, har også høg prosentdel uføre. Yngre befolkning og ein meir fleksibel arbeidsmarknad i hovudstadsregionen er med på å trekke prosentdelen som får uføretrygd ned. Lokale variasjonar i helse og utdanningsnivå har også innverknad på kor mange som får uføretrygd, seier Vågeng.

Færre eldre og fleire kvinner er uføretrygda

Samanlikna med for eitt år sidan, har prosentdelen som får uføretrygd mellom 20 og 59 år auka, medan for dei over 65 år gjekk prosentdelen ned. For 18-19-åringane og 60-64-åringane er prosentdelen for personar som får uføretrygd stabil.

Prosentdelen uføretrygda kvinner er i 2019 historisk høg, og skilnaden mellom kvinner og menn har auka over tid. I alle aldersgrupper har det vore fleire uføretrygda kvinner enn menn, bortsett frå blant dei under 30 år, der mennene har vore i fleirtal. I 2019 ser me at delen uføretrygda kvinner i alderen 25-29 for fyrste gong er like stor som for menn.

Er du interessert å dykke djupare inn i tala, klikk her og les meir her.

Gunn Kvalsvik

Trass myndighetenes ønskje om å redusere talet på dei som står utanfor arbeidslivet, viser tal frå NAV at kurvene går i feil retning. Ved utgangen av desember (2019) var det i alt 352 200 mottakarar av uføretrygd, noko om utgjør ei auke på 0,1 prosentpoeng samanlikna med førre kvartal.

BLI MEDLEM NÅ
Du får tilsendt vårt medlemsmagasin 10 ganger i året. Ved å ringe sekretariatet på telefon 22 35 71 00 får du gratis rådgivning innen erstatningsspørsmål og bistand til valg av advokat, helse- og sosiale rettigheter og navrettigheter. Du vil også bl.a. få tilbud om ulike kurs, snakke med en likeperson, rabatter samt rimelig leie av våre leiligheter i Bulgaria.
Meld deg inn!